Aktuelt/Anbefaling fra Klaudia - Trainee

Anbefaling fra Klaudia - Trainee

Trainee-kurset er et utruleg godt fundament for alle som ønskjer å vekse i forbønnstenesta. Kurset gir ei djup og trygg forankring i Gud, og undervisninga har ei enorm djupn.

Trainee-kurset er et utruleg godt fundament for alle som ønskjer å vekse i forbønnstenesta. Kurset gir ei djup og trygg forankring i Gud, og undervisninga har ei enorm djupn. Dette er ikkje eit kurs du berre ser éin gong – eg opplevde at eg må høyre undervisninga fleire gonger for at alt skal få synke inn.

Undervisninga har vore heilt fantastisk, og alle tema var relevante. Nettsamlingane var også svært gode og gav eit verdifullt fellesskap rundt undervisninga.

Eg tek med meg mykje vidare inn i tenesta. Særleg gjorde undervisninga om å gi seg til kvarandre før samlingar sterkt inntrykk på meg, slik at Den heilage ande får leie. Eg kjem også til å bruke undervisninga om å løyse og binde og fleire av dei praktiske verktøya i forbønnstenesta.

Eg vil varmt anbefale Trainee til alle som ønskjer å stå tryggare i Gud og bli utrusta til å be for og tene andre. Det er eit kurs med stor djupn som gir eit solid fundament for livet og tenesta. Klaudia

Powered by Cornerstone