Anbefaling fra Mari - Trainee
Lite visste eg kor mykje eg trong dette kurset før eg byrja. Det har overgått alle forventningar. Undervisninga er djup, omfattande og bibelsk forankra, men samstundes så tydeleg og naturleg bygd opp. At kurset startar med å gå heilt til fundamentet i trua og gradvis byggjer vidare, har gjort at eg har fått eit mykje tryggare grunnlag å stå på. Eg sit att med nye spørsmål enn då eg byrja – men på ein god måte. Samtidig har eg landa djupare i det mest grunnleggjande, og fått større tryggleik i tru og inn i teneste. Det eg har fått gjennom kurset, tek eg allereie med meg inn i livet. Eg ser også nye moglegheiter for korleis det å møte mennesker i bønn og samtale kan sjå ut. Noko av det som har gjort aller størst inntrykk på meg, er å sjølv få erfare Jesu kjærleik på nytt og på nytt. Der ein sjølv har blitt møtt og betjent, trur eg vi i endå større grad, og på betre måtar kan møte andre. Denne tida gjennom kurset har forandra meg som person - og vil påvirke korleis eg møter andre. Eg hugsar du sa innleiingsvis at du hadde laga dette kurset ut frå det du sjølv skulle ønskje du visste då du var 25 år. Eg er sjølv 25, og det treff meg djupt. Eg er så takksam for at du vel å dele av livserfaringane dine, sårbarheita di og alt Gud har lært deg gjennom mange år. Det er ei gåve for oss som kjem etter. Gjennom heile kurset har eg opplevd ei utruleg god oppfølging. Kommunikasjonen frå Resting Place har vore varm, enkel og imponerande rask. Refleksjonsoppgåvene har hjelpt meg til å setje ord på det eg har lært, prosessere det vidare og stille viktige spørsmål. Det har gjort at undervisninga ikkje berre har blitt kunnskap, men noko som har fått arbeide vidare i hjartet mitt. Den tette oppfølginga, moglegheita til å stille spørsmål og det gode fellesskapet har vore uvurderleg. Dette er eit skikkeleg utrustande kurs som eg varmt vil anbefale til alle som «formelt» står i forbønns og sjelesorgsteneste - eller generelt ber på ei lengt etter å oppleve Guds hjarte for andre menneske få virke gjennom ein. Eg trur eigentleg alle som ønskjer å vekse i relasjonen med Jesus, og bli tryggare i å elske og møte andre i deira behov - samtidig som å bevare seg sjølv i det, vil ha stort utbytte av dette kurset. Mari ![]()
