Anbefaling fra Kari Marie - Trainee
Trainee-kurset har vore ei fantastisk reise, og eg sit att med stor takknemlegheit. Heile opplegget, frå påmelding til undervisning og oppfølging, var enkelt og oversiktleg. Kommunikasjonen frå Resting Place har vore veldig god, og kvar gong eg har hatt spørsmål eller trong hjelp, har eg fått raske og gode tilbakemeldingar. Eg har kjent meg godt ivareteken gjennom heile kurset.
Undervisninga opplevde eg som grundig og solid. Det var som eit godt måltid med åndeleg mat. Eg likte spesielt godt at kurset byrja med fundamentet – rettferdiggjeringa, Den Heilage Ande og kven vi er i Kristus. Det er så viktig å byggje ein trygg grunnvoll i eige liv før ein går ut og deler det med andre. Eg opplevde også at Guds Ande var til stades gjennom videoane og verka på ein djup måte med openberring, legedom og liv.
Det som gjorde ekstra inntrykk på meg, var kor enkelt og naturleg undervisninga vart formidla. Det gjorde bodskapen lett å forstå og ta imot. Eg sette også stor pris på at Elin ikkje hadde ei «forkynnarstemme», slik eg ofte opplever kan vere anstrengande å høyre på. Den naturlege og jordnære måten å undervise på gjorde at eg kunne slappe av, lytte og ta til meg undervisninga med eit ope hjarte.
Testane og refleksjonsoppgåvene var ein fin måte å stoppe opp på undervegs. Dei hjelpte meg til å reflektere over det eg hadde høyrt, slik at undervisninga fekk synke djupare inn og bli mi eiga. Nettsamlingane opplevde eg også som veldig gode. Det var verdifullt å kunne dele liv med andre som var på den same reisa.
Sjølv om eg enno ikkje har hatt praksis gjennom kurset, har eg vore med på HVILE fleire gonger, og det har gitt meg endå større lengsel etter å vere med og tene igjen. Vi er faktisk tre frå den same menigheita som har tatt Trainee-kurset saman, og eg håpar vi etter kvart kan få vere med i teneste og dele vidare det vi har fått.
Eg opplever at dette er undervisning som kan brukast på alle område av livet. Samtidig trur eg det er viktig å gi seg sjølv tid. Mange av temaene set i gang prosessar som går djupt, og difor trur eg fire veker kan bli litt kort dersom ein også er i full jobb. Dette er undervisning som fortener tid til å få slå røter i hjartet.
Er kurset verd pengane? Ja – absolutt! Kvar einaste krone. Har du ein hunger etter meir av Gud? Lengtar du etter å bli betre kjend med Den Heilage Ande? Treng du legedom og gjenoppretting? Ønskjer du å oppdage meir av gåvene Gud har lagt ned i deg? Eller lengtar du etter å bli utrusta til å tene andre? Då vil eg av heile mitt hjarte anbefale deg å ta Trainee-kurset i Resting Place.
Dette er eit kurs som byggjer ein trygg grunnvoll, leier deg djupare inn i relasjonen med Gud og utrustar deg til teneste. Eg anbefaler det på det varmaste! ❤️
