Kari Marie øker stilling i Resting Place
Det siste året har Kari Marie vært en uvurderlig del av staben vår. Med sin varme, omsorg og trofasthet har hun blitt en viktig bærebjelke i Resting Place-familien. Hun har en helt egen evne til å se mennesker, skape trygghet og formidle Guds kjærlighet på en naturlig og nær måte.
Kari Marie leder HVILE på Zoom-teamet, har ansvar for forbønnstelefonen, gjennomfører forbønnssamtaler, besøker mennesker i hjemmene deres og hjelper til der det trengs. Hun bærer et stort hjerte for mennesker og en dyp lengsel etter å se mennesker komme nærmere Jesus og finne hvile i Hans kjærlighet.
Vi er utrolig takknemlige for alt Kari Marie bidrar med, og det gleder oss stort at vi nå har mulighet til å ansette henne i en noe større stilling. Vi opplever at Gud har gitt oss de riktige menneskene til rett tid, og Kari Marie er definitivt en av dem.
Les Kari Maries vitnesbyrd og bli bedre kjent med henne og hennes vandring med Gud:
"Tenk at eg no har vore tilsett i Resting Place i eitt år. At dette har blitt ein realitet, at eg får jobbe her, er for meg eit stort mirakel og ein draum som har blitt verkeleg. Dette er noko Gud har lagt ned i hjartet mitt heilt sidan eg var lita: å få vise Hans godheit og Hans kjærleik til menneska rundt meg. Å få vere ein medvandrar på livets veg - det elskar eg.
Å overgi meg til Far og legge meg på alterplassen med heile meg, å gi mine mest smertefulle erfaringar til Han og la Han få kome inn og lege og gjenopprette - slik at Han kan bruke det i møte med andre - har vore heilt avgjerande for meg. For meg er dette ein nøkkel for at Han kan få større rom i meg. Eg kjenner meg heilt avhengig av Pappa Gud og ordet som seier: «Hans nåde blir fullenda i mi skrøpelegheit.» Det kan eg verkeleg skrive under på. Når eg kjenner meg sliten, og kjenner at eg ikkje har noko å kome med i meg sjølv, kjem Han og viser at Han er med meg og ber meg gjennom.
Arbeidskvardagen min er veldig variert, med mange ulike oppgåver - som heimebesøk, forbønssamtalar både fysisk og på Zoom, vere tilgjengeleg på forbønnstelefonen, å vere med på laurdagsretreat, leie hvileteam på Zoom, forbøn for og oppfølging av menneske i nettverket, planlegge medlemsshelg og å vere med på ulike teamturar. Så mykje fint og meiningsfullt arbeid. Eg har lyst til å ta deg litt med inn i noko av det.
Å få kome heim til menneske som ønskjer det, er noko heilt spesielt. Når ein får gå inn i heimen til eit anna menneske, går ein inn med respekt. Det skaper ein annan nærleik, ein får møte menneske midt i kvardagen deira, slik livet faktisk er. Det er ei stor velsigning å få gi ei hjelpande hand, både praktisk og åndeleg. Dei små praktiske tinga skal ikkje undervurderast. Nokre gonger kan det vere så enkelt som å tømme oppvaskmaskina eller hjelpe til med noko lite i heimen. Men nettopp slike små handlingar kan bety mykje. Midt i det som kanskje kjennest kaotisk og tungt, kan det gi ei kjensle av at ikkje alt er uoverkomeleg likevel.
Eg er også med i forbønssamtalar, saman med Laila eller Elin, og innimellom åleine. Det å få vere med og leie menneske inn til Pappa Gud sitt hjarte er noko av det finaste eg får vere med på. Saman får vi sjå at Han har vore der gjennom heile livet - også i dei stundene då vi ikkje har sett Han eller forstått det. At Han har bore oss, sett oss og halde oss - heile vegen. Og at Han toler oss, ja, heile oss. Det gjer sterkt inntrykk å sjå korleis menneske forandrar seg når dei får møte Pappa Gud på den måten. Å sjå ansikt som mjuknar, skuldrer som senkar seg og auger som får nytt håp. Alle treng ein forbønssamtale innimellom, fordi vi alle møter ulike ting i dette livet. Det er så godt å få setje ord på det som er tungt, bringe det fram i lyset, overlate det til Jesus - og la Han kome og møte oss der ingen menneske kjem til.
Eg vil også trekkje fram noko som har vore heilt avgjerande for utviklinga og tryggleiken min i denne jobben, og det er å kjenne at eg er ein del av eit team som står saman skulder til skulder både i bønn og praktisk . Å bli sett av nokon som ser gåvene dine, også når du ikkje ser dei sjølv. At nokon trur på deg og gir deg rom til å vekse ut frå den du er, dette er Guds raushet og Hans store nåde.
Eg er ufatteleg takksam for denne jobben, og eg gler meg verkeleg til fortsetjinga – og til alt det gode som ligg framfor oss i Resting Place. Eg ber om at Pappa Gud skal ta deg tett inntil seg denne sommaren, og at du igjen skal få kjenne kjensla av å springe barføtt i blomsterenga saman med Han". Kari Marie
Bilde: Hagewick foto
